Dersom du veit tittelen på meldinga du leitar etter så kan du søkja i søkjefeltet.
For å gjera eit avansert søk, kan du trykkja på avansert i søkjefeltet. Når du er inne på avansert søk kan du avgrensa treffa på om du søkjer i innboks, arkiv eller sletta. Du kan også avgrensa søket på spesifikke statusar, eller for ein gitt periode.
For å komma til avansert søk dersom du er på mobil/nettbrett må du trykkja på forstørringsglaset, og deretter trykkja på plussteiknet ved Avgrens treffa.
Har du ein arkivreferanse kan du søkja opp denne under Status. (Dersom du søkjer etter meldingar med status Ulest, og nokre andre i organisasjonen har opna meldinga, vil du ikkje få treff)
Periodesøk kan vera nyttig dersom du har for mange element i innboksen, ved å til dømes avgrensa søket til siste 6 månader.