Hopp til hovudinnhald
Digdir logoAltinn

Fordringsliste konkursbu

Skjemaet blir brukt av konkursbustyrar for å gjere innmelde krav i buet tilgjengeleg for kreditor og andre via tenesta Konkursbehandling

Når skal skjemaet brukast?

Skjemaet skal sendast inn dersom du har utarbeida ei kravliste.

Kven skal bruke skjemaet?

For å fylle ut og sende inn dette skjemaet må du ha skrivetilgang i konkursbuet. Rolla vert automatisk tildelt til den som er registrert som bustyrar i konkursbuet. Bustyrar kan delegere skrivetilgang til andre ansatte ved advokatkontoret, til dømes andre advokatar, advokatfullmektig og sekretær.

Kva skal eg leggje ved?

Det må leggjast ved ei kravliste.

Meir om skjemaet

Hensikta med skjemaet er å gjere kravlista tilgjengeleg for kreditorar og andre via tenesta Konkursbehandling. Når skjemaet med vedlegg blir sendt inn via Altinn, blir det vedlagde dokumentet lagt ut i tenesta Konkursbehandling. Dersom kravlista blir sendt inn fleire gonger, vil det alltid vere den sist innsendte som blir vist i tenesta.

Trenger du hjelp?

Kontakt brukerveiledning ved Brønnøysundregistrene
Tlf 75 00 75 00