Innsending av dokumentasjon til DSB
Ei sikker digital teneste for innsending av sensitiv eller skjerma dokumentasjon som ikkje kan sendast på e-post.
Når innsendar har behov for å sende dokument til DSB på ein trygg måte.
Alle som har fått beskjed om å sende inn tilleggsinformasjon til DSB, eller som ønskjer å sende dokument til DSB på ein trygg måte.
Merk følgjande om innlogging:
Du loggar inn med BankID og vel deg sjølv som privatperson som aktør.
Sender du inn på vegner av ein verksemd, oppgir du dette i skjemaet i feltet
"Eg sender på vegner av ei verksemd".
Føremålet er å få ein sikker innsending av dokumentasjon til DSB.
I einskilde sakshandsamingsprosessar hos DSB krevst det innsending av dokumentasjon som inneheld sensitiv eller skjerma informasjon, eller som av andre grunnar ikkje kan sendast på e-post. For å ivareta krava til konfidensialitet og informasjonstryggleik, tilbyr DSB ein sikker kanal for innsending av dokumentasjon. Denne tenesta er utvikla for å handtere materiale som ikkje kan sendast via ordinære søknadsprosessar, og sikrar trygg overføring og handsaming av informasjon i samsvar med gjeldande regelverk.
E-post: postmottak@dsb.no