Hopp til hovudinnhald
Digdir logoAltinn

Autorisasjon som dyrepleier

Teneste for å søkje om autorisasjon som dyrepleiar frå Mattilsynet.

Du må ha autorisasjon frå Mattilsynet før du kan praktisera (arbeida) som dyrepleiar i Noreg

Dyrehelsepersonell: Slik søker du om autorisasjon og lisens | Mattilsynet

Når skal skjemaet brukast?

Skjemaet skal brukast av deg som ønskjer å praktisera som dyrepleiar i Noreg og treng autorisasjon for dette.

Kven skal bruke skjemaet?

Søknaden kan berre sendast inn av yrkesutøvar/enkeltpersonar til Mattilsynet.

Kva skal eg leggje ved?

Følgjande dokumentasjon skal vere vedlagt søknaden:

Vitnemål eller anna dokumentasjon frå lærestad som klart viser at tilstrekkeleg utdanning er gjennomført, alternativt kvalifikasjonsbevis/-sertifikat frå offentleg kompetent myndigheit (autorisasjonsdokument).

Dokumentasjon som viser fødselsdato og personnummer, eventuell namneendring og statsborgarskap.

Har du teke utdanninga utanfor Noreg (ikkje Danmark) må du leggja ved:

Beskriving av dei forskjellige faga og omfanget av faga i utdanninga, omsett til engelsk eller norsk.

Uttale frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse; «Generell godkjenning av utanlandsk høgare utdanning».

For meir informasjon om særskilde vilkår sjå nettstaden til Mattilsynet.

Kvifor skal skjemaet brukast?Mer om skjemaet

Kriterium/vilkår:

Søkjarar med utdanning i Noreg frå NMBU eller Nord universitet vil som regel få autorisasjon. Statsborgarar frå EØS med utdanning som dyrepleiar frå EØS kan få autorisasjon. Utdanning frå tredjeland som er fagleg tilsvarande den norske kan også få autorisasjon.

Dei lovfesta krava for å ha rett til autorisasjon kjem fram av lov om veterinærar og anna dyrehelsepersonell, forskrift om dyrepleiere og forskrift om rett til å arbeida som dyrehelsepersonell eller seminpersonell etter EØS-avtalen.

Saksbehandlingsfristar:

Ved etablering:
Mattilsynet skal stadfeste mottaket av søknaden din innan ein månad etter at den er motteken, og informere om eventuelle manglande dokument eller manglar ved søknaden.

Mattilsynet skal ha ferdigbehandla søknaden innan tre månader etter at søknaden var komplett.

Ved førebels tenesteyting:

Du kan utøve yrket førebels etter at du har sendt førehandsmelding med naudsynte dokument til Mattilsynet: 

  • Identiteten og nasjonaliteten til tenesteytaren.
  • Kvalifikasjonane til tenesteytaren dokumenterte ved bevis for yrkeskvalifikasjonar.
  • At tenesteytaren er lovleg etablert i eit EØS-land med det formålet å utøva det aktuelle yrket.
  • At det på tidspunktet for utferdinga ikkje er forbode, verken permanent eller mellombels, for tenesteytaren å praktisera, og at eventuell rett til å føreskriva legemiddel ikkje er falle bort eller innskrenka.
  • Eventuell påkravd yrkesutøving, jf. § 4-1 første ledd andre punktum.
  • Yrkesforsikring.

Gebyr:

Mattilsynet krev ikkje gebyr for behandling av søknad om godkjenning.

Klage på vedtak:

Når Mattilsynet har fatta eit vedtak har du moglegheit til å klage på dette vedtaket i samsvar med reglane i forvaltningslova kapittel VI.

Treng du hjelp?

Godkjenningsmyndighet:

Mattilsynet
Region Sør og Vest, avdeling nasjonale oppgaver,
Felles postmottak, Postboks 383
2381 Brumunddal

E-post: postmottak@mattilsynet.no
Telefon: 22 40 00 00