Søknad om advokatløyve og autorisasjon som advokatfullmektig
Tenesta er for dei som skal søke om advokatløyve eller autorisasjon som advokatfullmektig.
Søknad med vedlegg skal sendast til Advokattilsynet. Det er søkar sjølv som skal sende inn søknad om advokatløyve i posten til:
Advokattilsynet
Postboks 720 Sentrum
0106 OSLO
Søknaden kan først sendast inn når alle vilkåra for å få advokatløyve er oppfylte, irekna kravet til praksistid. Advokattilsynet vil i praksis behandle ein slik søknad i to trinn. For å starte søknadsprosessen må skjemaet «Søknad om advokatløyve» fyllast ut og sendast til Advokattilsynet med etterspurd dokumentasjon. Når Advokattilsynet har vurdert og komme til at grunnvilkåra for å få advokatløyve i § 4 første ledd er oppfylte, vil søkar bli bedd om å sende inn nærmare opplysningar om arbeidsgivaren og arbeidsforholdet, og å avklare spørsmål knytt til å stille sikkerheit og rekneskaps- og revisjonsplikt. I tillegg må søkar betale bidrag til Advokattilsynet og Advokatnemnda.
Meir informasjon om kva ein slik søknad må innehalde og korleis søknadsprosessen er lagd opp, finn du her.
Følgande dokumentasjon skal vere lagd ved søknaden:
Søknad om advokatløyve:
Vitnemål, master i rettsvitskap eller juridisk embetseksamen – sender du som lenke frå Vitnemålsportalen med kode til post@tilsynet.no. Eventuelt må vitnemålet bli sendt i posten og vere bekrefta «rett kopi» av praktiserande advokat, domstol eller domstolliknande organ, med stad, dato og signatur (fullt namn). Dersom du tidlegare har vore registrert i Advokattilsynet sitt register, er det ikkje nødvendig å sende inn vitnemålet på nytt.
Utvida ordinær politiattest etter politiregisterlova § 40 og § 41 nr. 2 – dersom attesten er mottatt i Digipost, skal han sendast vidare i Digipost til Advokattilsynet. Er han mottatt i e-Boks eller Altinn, skal han sendast gjennom e-Boks eller Altinn til post@tilsynet.no. Dersom attesten er mottatt i posten, skal han sendast til Advokattilsynet i original. Politiattesten skal ikkje vere eldre enn ein månad på søknadstidspunktet. Politiattest kan ettersendast. Informasjon om korleis du søker om politiattest finn du på politiet sine nettsider.
Attestar frå arbeidsgivarar for dei arbeidsforholda du viser til for oppfylling av kravet til to års praksis (praksiskravet), jf. advokatlova § 4 første ledd bokstav b. Attesten skal opplyse om stillingsprosenten, arbeidet sin karakter og varigheit og om det har eller ikkje har vore fråvær utover ein månad frå arbeidet, for eksempel permisjonar eller sjukemeldingar. Sjå nærmare informasjon om Advokattilsynet sine retningslinjer for praksiskravet nedanfor.
Søkarar som viser til praksis som advokatfullmektig må også sende inn dokumentasjon for prosedyreerfaring, jf. advokatforskrifta § 2 andre ledd. Sjå nærmare informasjon til krav om dokumentasjon nedanfor.
Vitnemål frå advokatkurset
I dei tilfella Advokattilsynet mottar ein mangelfull søknad eller vedlegg, som ikkje er i tråd med ovannemnde krav, vil søkar bli bedd om å utbetre manglane. Behandlinga av søknaden blir stilt på vent inntil forholdet er ordna.
Vi gjer oppmerksam på at dersom det blir gitt uriktige opplysningar eller mangelfulle opplysningar i søknaden eller i vedlegga, vil dette kunne få betydning for vurderinga av søknaden.
Særskilt dokumentasjon – prosedyrekravet for advokatfullmektigar
Søkarar som viser til praksis som advokatfullmektig må sende inn rettsbøker og dommar i sakene han/ho har prosedert, til oppfylling av prosedyrekravet. Prosedyredokumentasjonen skal sendast inn i heilskap, men skal vere anonymisert ved at namn og andre individualiserande kjenneteikn er sladda. Saksnummer og namn på prosessfullmektigane skal gå fram. Ved behov vil vi kunne hente inn ein ikkje-anonymisert versjon. Dersom ei sak har gått over til forliksforhandlingar, og rettsboka ikkje angir tidspunkt for når dette skjedde, må du hente inn ei særskild stadfesting frå retten der tidspunktet står.
Som dokumentasjon for gjennomført rettsmekling må rettsmeklingsprotokollen og eventuell orskurd i saka bli lagd ved søknaden.
Delte saker kan bli godkjente etter ei konkret vurdering av saka sitt omfang og kompleksitet og kva oppgåver advokatfullmektigen har utført. Det skal sendast inn ei eiga utgreiing frå prinsipal for kva delar av forhandlinga fullmektigen har gjennomført (innleiingsforedrag, vitneavhøyr og prosedyre), og kor lenge kvar del vara.
Straffesaker vil ikkje bli godkjente dersom søkar har opptredd som forsvarar etter alternativet «annan skikka person» i straffeprosesslova § 95 andre ledd andre punktum. Dersom det ikkje går fram av rettsbok og dom at saka er gjennomført av advokatfullmektigen på vegner av sin prinsipal (advokat v/advokatfullmektig), skal kopi av domstolen si oppnemning leggast ved søknaden. For det tilfellet at det ikkje finst ei oppnemning frå retten fordi oppdraget er utført som privat antatt forsvarar, må det bli henta inn ei stadfesting frå dommaren i saka på at prinsipalen har vore forsvarar og at fullmektigen har opptredd på vegner av denne.
Dersom du viser til at du har tatt rettssakseksamen etter advokatforskrifta § 3, skal kursarrangøren sende inn dokumentasjon på at eksamen er gjennomført og bestått. Rettssakseksamen arrangert av Juristane sitt Utdanningssenter (JUS) etter § 3 første ledd vil bli dokumentert av JUS, og det er tilstrekkeleg at du viser til datoen for når du gjennomførte og bestod rettssakseksamen.
Vilkåra i advokatlova § 4 andre ledd
Når Advokattilsynet har vurdert opplysningane som kjem fram av søknadsskjemaet med tilknytt dokumentasjon, og komme til at vilkåra i § 4 første ledd er oppfylte, vil du bli skriven til og bedd om å gi nærmare opplysningar om arbeidsgivar og arbeidsforholdet. Du vil samtidig bli bedd om å stille sikkerheit etter advokatlova § 5. Plikta til å stille sikkerheit gjeld likevel ikkje advokatar som er tilsett i stat eller kommune, og som berre utfører oppdrag for arbeidsgivaren sin, jf. § ?? advokatforskrifta § 73 tredje ledd. Vidare må du opplyse om du skal ha ansvaret for gjennomføringa av rekneskaps- og revisjonsplikta etter lova § 42 andre ledd eller sende inn søknad om fritak frå dette ansvaret i samsvar med advokatforskrifta § 29. Du vil også få tilsend ein faktura for betaling av bidrag etter § 60 i lova. Når desse forholda er avklarte og bidraget er betalt, vil Advokattilsynet innvilge søknaden. Nærmare opplysningar om denne delen av søknadsprosessen
Søknad om autorisasjon av advokatfullmektig:
Vitnemål, master i rettsvitskap eller juridisk embetseksamen – sender du som lenke frå Vitnemålsportalen med kode til post@tilsynet.no. Eventuelt må vitnemål bli sendt i posten og vere bekrefta «rett kopi» av praktiserande advokat, domstol eller domstolliknande organ, med stad, dato og signatur (fullt namn). Dersom du tidlegare har vore registrert i Advokattilsynet sitt register, er det ikkje nødvendig å sende inn vitnemålet på nytt.
Utvida ordinær politiattest etter politiregisterlova § 40 og § 41 nr. 2. Dersom politiattesten er mottatt i Digipost, skal den vidaresendast i Digipost til Advokattilsynet. Er han mottatt i e-Boks eller Altinn skal han sendast gjennom e-Boks eller Altinn til post@tilsynet.no. Dersom attesten er mottatt i posten, må den sendast til Advokattilsynet i original. Politiattesten kan ikkje vere eldre enn ein månad på søknadstidspunktet.
Dersom innsend søknad om autorisasjon gjeld fram i tid, vil du måtte pårekne å bli bedd om å legge fram oppdatert politiattest nærmare starttidspunktet.
Politiattest kan ettersendast. Informasjon om korleis du søker om politiattest finn du på politiet sine nettsider.
I tillegg til å behandle søknadar om advokatløyve og autorisasjonar som advokatfullmektigar, behandlar også Advokattilsynet, i tråd med EØS-avtalen og andre internasjonale overeinskomstar, søknadar om advokatløyve, autorisasjon som advokatfullmektig og godkjenning til å bruke tittelen jurist frå personar frå annan EØS-stat, Sveits og Storbritannia. Advokattilsynet administrerer også søknadar om løyve til å utøve advokatverksemd på grunnlag av utanlandsk advokatløyve på permanent basis i Noreg.
Kriterium/vilkår:
For søknad om advokatløyve og autorisasjon som advokatfullmektig blir det kravd juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap. Advokattilsynet kan gi ein person med utanlandsk juridisk utdanning autorisasjon som advokatfullmektig, dersom vedkommande har rett til å bruke tittelen jurist, jf. advokatforskrifta § 62.
Tilleggskrav for advokatselskap:
Advokatverksemd kan berre bli organisert i samsvar med advokatlova §§ 20 til 25.
Berre personar som utøver ein vesentleg del av yrkesaktiviteten sin i eit advokatføretak, kan vere eigarar i advokatføretaket, sjå advokatlova § 21 andre ledd.
Eit holdingseskap kan likevel eige andelar i eit advokatføretak, dersom holdingselskapet er eigd av personar som utøver ein vesentleg del av yrkesaktiviteten sin i det eigde føretaket og holdningselskapet overheld vilkåra i §§ 20 til 22.
Eigarar, styremedlemmer, dagleg leiar og andre som deltar i leiinga i eit advokatføretak, skal ha heiderleg vandel og ikkje vere rekna som uskikka som følge av straffbare forhold, manglande økonomisk kontroll, grove eller gjentatte brot på plikter gitt i medhald av lov eller andre tilsvarande alvorlege forhold, sjå advokatlova § 22 første ledd. Advokatføretak skal på førespurnad frå Advokattilsynet dokumentere at personar som nemnde foran utan advokatløyve oppfyller kravet om heiderleg vandel og å ikkje er rekna som uskikka. Meir informasjon om krav til eigarar og leiinga i advokatføretak finn du her.
Advokatlova med forskrift tredde i kraft 1. januar 2025, med unntak av enkelte reglar som berre gjeld for internadvokatar i §§ 24, 41 tredje ledd og 42 andre ledd andre punktum. Det er gitt overgangsreglar for internadvokatar i advokatlova § 73 trettande ledd og advokatforskrifta § 73 fjerde ledd, som fører til at tidlegare regelverk i domstollova § 233 første ledd gjeld inntil dei ovannemnde reglane for internadvokatar trår i kraft 1. januar 2028.
Det gjeld særlege reglar for retten til å drive advokatverksemd i Noreg for føretak med hovudsete i annan stat, sjå advokatforskrifta § 9 og § 10.
Merknadar
Eigne reglar gjeld for personar med utdanning/løyve frå utlandet.
Det gjeld eigne krav til endring og opphøyr av advokatverksemd. Meir informasjon finn du på nettsidene til Advokattilsynet.
Advokattilsynet føreset elles at ein som advokat set seg godt inn i gjeldene reglar for advokatverksemd og innrettar seg i samsvar med desse. Vi viser her spesielt til:
" Advokatlova
" Advokatforskrifta
" Kvitvaskingslova
Saksbehandlingsfristar:
Søknad om advokatløyve, autorisasjon som advokatfullmektig og om rett til å utøve advokatverksemd på grunnlag av utanlandsk advokatløyve, skal behandlast innan ein månad, med mindre det føreligg særlege forhold elles det blir kravd særlege undersøkingar eller vurderingar for å ta stilling til om vilkåra er oppfylte. Søknaden skal likevel bli behandla seinast innan fire månader.
Dersom ein søknad om norsk advokatløyve med utanlandsk advokatløyve ikkje er behandla innan fire månader, kan dette klagast på.
Gebyr:
Ingen gebyr for søknad eller saksbehandling
Alle advokatar plikter å betale årleg bidrag til Advokattilsynet og Advokatnemnda. Justis- og beredskapsdepartementet fastset det årlege bidraget til Advokattilsynet etter forslag frå Advokattilsynet sitt styre, og det årlege bidraget til Advokatnemnda etter forslag frå Advokatnemnda. Bidragsbeløpet utgjer mars 2026 kr. 8 700.
Gebyr for dugleiksprøve (for utanlandske advokatar som vil søke om norsk advokatløyve og personar som søker om godkjenning til å bruke tittelen jurist på grunnlag av utanlandsk juridisk utdanning) per mars 2026: 12 000 kroner.
Klage på vedtak:
Dersom Advokattilsynet har avslått ein søknad, kan vedtaket klagast på til Advokatnemnda, sjå advokatlova § 54 andre ledd. Forvaltningslova sine saksbehandlingsreglar gjeld i utgangspunktet for Advokattilsynet si verksemd, med mindre det er fastsett eigne saksbehandlingsreglar der det er aktuelt å fråvike eller utfylle saksbehandlingsreglane i advokatlova eller i forskrifta.
Kontaktinformasjon:
Advokattilsynet
Postboks 720 Sentrum,
0106 Oslo
E-post: post@tilsynet.no
Telefon: 22 00 75 00
Besøksadresse: Rådhusgaten 23, 3. etasje