Crowdfunding

Crowdfunding er ein alternativ finansieringsmåte der du kan finansiere oppstarten av prosjektet ditt med bidrag frå mange gjevarar, både privatpersonar og verksemder. I tillegg kan denne metoden gje deg gode tilbakemeldingar på ideen din eller produktet ditt.


Kva er crowdfunding?

Crowdfunding eller folkefinansiering er ein måte å samle inn pengar til nye prosjekt på. Du kan for eksempel samle inn pengar til å finansiere oppstart av ny verksemd eller til å utvikle ein prototype av eit nytt produkt. Crowdfunding gjer det også lettare for folk å gje støtte direkte til prosjektet dei er opptekne av, samstundes som det vert enklare for små aktørar å få støtte til prosjekta sine. Innsamlinga går stort sett føre seg på nett. Formålet med finansieringa avgjer om inntekta frå crowdfunding er skattepliktig for mottakar.

Ulike typar crowdfunding

Det er fire typar folkefinansiering som er vanleg. Her er ei oversikt over dei ulike måtane å samla inn pengar på og kva dei kan passa til.
1.    Donasjonsbasert crowdfunding
Her gir bidragsytarane eit beløp utan å vente noko tilbake. Dette passar godt for ideelle prosjekt eller tidlegfase finansiering, der du som gründer kan tiltrekkja deg støtte frå dei som ønskjer å hjelpa utan motyting.støtte fra de som ønsker å hjelpe uten motytelse.
2.    Påskjønningsbasert crowdfunding
Bidragsyterne får ei påskjønning som takk for støtta. Påskjønninga kan vera sjølve produktet du utviklar, eller noko anna eksklusivt. Dette er ein populær metode for å finansiere oppstart og byggje merksemd rundt nye produkt.
3.    Aksjebasert eller egenkapitalbasert crowdfunding
Her gir bidragsytarane pengar mot å bli eigarar i verksemda di. Denne metoden tiltrekkjer seg investorar som ønskjer avkastning og er aktuell for gründerar som ønskjer å dela eigarskap i byte mot kapital.
4.    Lånebasert crowdfunding (crowdlending)
Bidragsytarane fungerer som långivarar, og du betaler tilbake lånet med renter over tid. Dette er ei strukturert form for finansiering som passar prosjekt med ein klar tilbakebetalingsplan. Det er utarbeidd eigne reglar for aktørar som formidlar slike lån.

Formålet avgjer skatteplikt

Formålet med finansieringa avgjer om inntekta frå folkefinansiering er skattepliktig for mottakar.
1.    Donasjonbasert crowdfunding. Viss pengane er gitt utan motyting blir det rekna normalt som skattefritt for mottakar.
2.    Belønningbasert crowdfunding.
Viss pengane du får er knytt til ei påskjønning, som ei vare eller tenester, er det ei form for inntekt og vil vera skattepliktig.
3.    Aksjebasert eller egenkapitalbasert crowdfunding.
Innsamling der den som investerer i selskapet får aksjar og blir eigar i verksemda.
4.    Lånebasert crowdfunding. Bidraget er lån som skal betalast tilbake med renter. Det er utarbeidd eigne reglar for dei som formidlar lån.

Kva type folkefinansiering kan passe for prosjektet ditt?

Både donasjon- og påskjøningsbasert crowdfunding er aktuelle måtar å finansiere oppstart av nye verksemder på i ein tidlegfase. Du kan bruke plattformene til å markedsføre prosjektet og sikre støtte fra engasjerte givere. 

Her er det mogleg å få støtte frå mange som vil gje utan å krevje noko tilbake.

Aksjebasert og lånebasert folkefinansiering passar for prosjekt som har ein klar vekstplan og kan tiltrekkja seg investorar som ønskjer avkastning. Dette er meir relevant når verksemda har komme lenger i utviklingsfasen.

Finanstilsynet har utarbeidet klare regler for hvem som kan tilby lånefinansiert crowdfunding.

Åpne kontaktskjema