Treng du hjelp til oppstarten?

Ved oppstart av eiga verksemd kan du få tips og rettleiing frå gode hjelparar i regionen din. Du kan delta på kurs eller bli kopla til eit nettverk med andre som skal, eller har, starta eiga verksemd.


Oppstartsrettleiarar kan hjelpe deg i gang

Veit du kva som skal til for å lykkast og kva det krev av deg å sterte eit enkeltpersonføretak eller eit aksjeselskap? Oppstartsrettleiarane skal gi deg informasjon og rettleiing om kva du bør tenkja på og korleis du bør gå fram når du planlegg å starta eiga verksemd.

Kven kan hjelpe deg?

Førstelinjetenesta i kommunen

Førstelinjetjenesten i kommunen er ofte det første kontaktpunktet ditt med det offentlege. Ein av dei gode hjelparane er den lokale rettleiingstenesta for etablerarar i kommunen din. Det kan vere næringsavdelinga i kommunen, næringsutviklingsselskap eller andre som står til rådigheit som hjelpar. Tilbodet kan variere frå kommune til kommune, men eit fellestrekk er at dette er personar med bransjekunnskap og kjennskap til lokale forhold som kan gi rettleiing før, under og etter oppstart. Avklar så tidleg som mogleg kva type hjelp du kan få hos rettleiingstenesta i kommunen din.

  • Innovasjon Noreg

Innovasjon Noreg har utarbeidd ei god oversikt over lokal rettleiing for etablerarar, inkubatorar, næringshagar og andre hjelparar.

Innovasjon Norge - oversikt over lokal rettleiing for etablerarar

Innovasjon Noreg har tenesta "Éin veg inn" som er ein digital inngang til rettleiing, finansiering og kompetanse frå det offentlege. Du kan logge deg inn på "Mi side" hos Innovasjon Noreg, og senda inn spørsmål om det du planlegg å gjera, og få tilbakemelding på ideen din.

Innovasjon Norge - kva kan Innovasjon Norge hjelpe deg med?

Kva hjelp kan du få?

Førstelinjetjenesten for etablerarar lokalt kan hjelpe deg med ulike ting, Her er ei oversikt over noko av det du kan få hjelp til:

  • få ein diskusjonspartnar for planlegging og oppstart
  • få informasjon og rettleiing om å starte og drive eiga verksemd
  • få ein møteplass der du kan treffe andre etablerarar og gründerar
  • få tilbod om kurs og seminar
  • bli kopla til eit nettverk

 

Innovasjon Norge kan hjelpe deg som er tidleg i etableringsfasen med:

  • rettleiing i verktøy og tenester som kan bidra til at du lukkast med etableringa
  • rådgiving for oppstart av verksemd
  • vurdere mogleg finansiering av oppstart
  • tilby kurs og kompetanse for oppstart av verksemd
  • kople til eit nettverk

Innovasjon Norge - tenester ved oppstart

Gratis kurs for nye næringsdrivande

Innovasjon Norge - frå idé til marknad

Det er viktig å vere ute i marknaden for å få tilbakemeldingar på idéen din. Innovasjon Norge arrangerer korte gratiskurs om korleis du kan gå fram for å teste og vidareutvikle idéen din.

Innovasjon Norges kurskalender - frå ide til marknad

Innføringskurs for nye næringsdrivande

Skatteetaten arrangerer kurs tilpassa deg som nettopp har starta verksemd. Kursa er gratis, og du kan følgja anten digitale webinarer eller fysiske kurs i Oslo.

Skatteetaten sine kurs for nye næringsdrivande

Åpne kontaktskjema