Val av namn
Korleis velje namn
Nokon føretrekker namn som tydeleg skildrar kva verksemda driv med, mens andre går for meir abstrakte og opne namn. Store selskap vel ofte abstrakte namn (som IKEA og Rema 1000), mens mindre verksemder med ei klar lokal eller bransjemessig tilknyting gjerne vel noko meir skildrande.
Eit skildrande namn kan vere nyttig fordi det raskt fortel kundar kven du er og kva du tilbyr. Samtidig kan slike namn skape utfordringar. Andre kan registrere nesten identiske namn, noko som gjer det vanskeleg å skilje verksemdene frå kvarandre. Dersom du for eksempel registrerer Frisørliga AS, kan andre registrere Frisørligaen AS utan problem. Eit skildrande namn kan bli vanskeleg å registrere som varemerke.
Namn som inneheld bransje eller stadnamn kan også bli ein hemsko dersom du seinare vil utvide verksemda. Eit namn som Trondheim Frisør AS passar dårleg dersom du seinare ønsker å opne salongar i Narvik eller begynne å selje hårprodukt på nett.
Det er viktig å vurdere om namnet støttar identiteten du ønsker å bygge, og om det kan forvekslast med andre. Før du bestemmer deg, bør du sjekke om domenenamnet er ledig og sikre deg at ingen andre har rettar til namnet, for eksempel gjennom varemerkerettar.
Finn ut om namnet er ledig
På navnesok.no kan du finne ut om namnet du ønsker deg er ledig som domenenamn, føretaksnamn og varemerke i eitt og same søk. Når du skal registrere, kan følgande vere ei smart rekkefølge:
- Registrere domenenamn
- Registrere føretaksnamn
- Registrere eventuelt varemerke

Tenesta namnesok.no er eit samarbeid mellom Norid, Brønnøysundregistera og Patentstyret. Finn ut om namnet er ledig på navnesok.no
Domenenavn først, føretak etterpå
Det er ofte vanskelegare å finne eit godt domenenamn som er ledig, enn å finne eit ledig føretaksnamn. Når du har funne eitt eller fleire domenenamn du vil ha, bør du registrere dei med ein gong slik at du unngår at andre tar dei. Det finst dei som følgjer med på nyregistrerte føretak i Brønnøysundregistera for å registrere domenenamn dei reknar med kan vere aktuelle. Dersom dei nyetablerte føretaka ikkje har sørgt for å registrere domenenamnet først, kan det ende med meirarbeid og store kostnader for å få tak i det domenenamnet som passar best til føretaksnamnet.
Dersom du vel eit føretaksnamn som er identisk med eit føretak som allereie er registrert i Føretaksregisteret, må du få samtykke frå dei som eig namnet og legge dette ved når du registrerer føretaket. Dersom du gjer eit grundig forarbeid, reduserer du risikoen for å måtte skifte føretaksnamn etter å ha brukt tid og pengar på å innarbeide namn og logo.
Krav til namn på føretaket
Føretaksnamnet må innehalde minst tre bokstavar frå det norske alfabetet. Namnet kan ikkje berre bestå av namnet på eit land, eit fylke eller ein kommune. Enkelte særlover set avgrensingar på retten til å bruke bestemde begrep i føretaksnavn. Eksempel på ord som ikkje kan brukast fritt er bank, sparebank, apotek og børs.
I tillegg er det nokre titlar som er reserverte for personar og føretak som har bestemde kvalifikasjonar. Eksempel på slike titlar er advokat, registrert revisor eller statsautorisert revisor, statsautorisert eigedomsmeklar og meister.
Marknadsføringsnamn
Det er mogleg å bruke eit anna namn på verksemda (namn på undereining) enn det offisielle føretaksnamnet. Dette namnet kan du for eksempel bruke på skilt, som logo eller domenenamn. Eksempelvis kan føretaket Per Holm registrere Grillbua som namn på undereininga. Det offisielle føretaksnamnet Per Holm må likevel visast på alle forretningsdokument som brev, nettsider og fakturaar.
Du kan registrere marknadsføringsnamn samtidig som du registrerer føretaket, eller i ettertid. Uansett skal du bruke skjemaet Samordna registermelding. At eit namn er registrert som marknadsføringsnamn, er ikkje til hinder for at andre kan registrere namnet som føretaksnamn. Vi anbefaler at du enten registrerer marknadsføringsnamnet som føretaksnamn eller som varemerke. Bruker du "Grillbua" som marknadsføringsnamn, kan det vere eit inngrep i andre sine registrerte varemerkerettar eller andre sine registrerte føretaksnamn.
Med tenesta navnesok.no kan du finne ut om marknadsføringsnamnet du vurderer er ledig som domenenamn, føretaksnamn og varemerke.
Vern av namnet
For å verne føretaksnamnet kan føretaket registrerast i Føretaksregisteret. Dersom du har eit enkeltpersonføretak er det heile namnet, inkludert etternamnet ditt, som vil vere beskytta.
Du kan også velje å varemerkebeskytte føretaksnamnet, domenenamnet eller marknadsføringsnamnet ditt.
Bytte namn på føretaket
Dersom du skal bytte namn på føretaket melder du dette via skjemaet Samordna registermelding. Dersom føretaket er registrert i Føretaksregisteret, er det gebyr på endringa.