Starte og registrere eit aksjeselskap (AS)
Føresetnader for å starte eit aksjeselskap:
- Eit aksjeselskap kan stiftast av ein eller fleire personar. Både fysiske personar og juridiske personar (eksempelvis aksjeselskap) kan vere stiftarar.
- For å vere stiftar eller ha ei anna rolle i eit aksjeselskap må du ha fylt 18 år (og ikkje vere idømd konkurskarantene eller rettstap som hindrar deg i å stifte eller å ha rolle i det aktuelle selskapet).
- Selskapet må ha ei norsk forretningsadresse (det vil seie ei norsk fysisk adresse som blir oppgitt med gate eller veg, husnummer, postnummer og stad. Postboksadresse blir ikkje godtatt). Selskapet kan eventuelt ha ei eiga postadresse i tillegg til forretningsadressa.
Stifte og registrere aksjeselskap
Slik stiftar og registrerer du eit aksjeselskap der stiftarane og dei som skal ha roller i selskapet har norsk fødselsnummer eller d-nummer.
- Stift aksjeselskapet ved å fylle ut og signere skjemaet "Stifting av aksjeselskap"
- Be banken om å opprette ein aksjekapitalkonto. Betal inn aksjekapitalen (minimum 30 000 norske kroner) og be om stadfesting frå banken. (Stadfestinga kan også bli gitt av revisor, advokat eller autorisert rekneskapsførar).Dersom heile eller delar av innskotet skal bestå av anna enn kontantar er det berre revisoren som kan stadfeste innbetalinga.
- Registrer aksjeselskapet ved å følge lenkja "Gå til registrering i Føretaksregisteret" i meldinga du har mottatt i "Innboks" i Altinn. Du må legge ved stadfesting av innbetalt aksjekapital. Ved innskot med andre eigedelar enn pengar, må det i tillegg leggast ved ei forklaring og revisor si stadfesting av denne.
- Send meldinga til signering. Da får du tilsendt meldinga elektronisk og kan signere meldinga. Heile styret (+ inkludert eventuelle varamedlemmer) må signere meldinga elektronisk, og den som har stadfesta innbetalinga av aksjekapitalen må signere denne elektronisk. Har aksjeselskapet valt å ha revisor må revisoren signere elektronisk på meldinga.
Når selskapet er registrert får innsendaren beskjed om dette i "Innboks" i Altinn.
Alternativt til å stifte og registrere aksjeselskapet i Altinn, kan ein stifte og registrere aksjeselskapet i enkelte bankar eller rekneskapsprogram, gjennom det som blir kalla digital selskapsetablering. Ver merksam på at det finst fleire unntak frå når du kan bruka denne løysinga. Eksempel på dette er for det tilfellet der ein skal bruke eigedelar som aksjeinnskot, (tingsinnskot). Eit anna eksempel er dersom aksjeselskapet blir oppretta som ein del av ein fusjon/fisjon. Fleire eksempel og informasjon om løysinga finn dykk her:
Når selskapet er stifta, skal styret utan opphald opprette ei aksjeeigarbok.
Manglar nokre av stiftarane norsk fødselsnummer eller d-nummer?
Slik stiftar og registrerer du aksjeselskap dersom nokon av stiftarane manglar norsk fødselsnummer eller d-nummer, mens dei som skal ha roller i selskapet har dette
- Stift aksjeselskapet ved å utarbeide stiftelsesdokument og vedtekter. Stiftelsesdokument må og bli signert av alle stiftarane.
- Be banken om å opprette ein aksjekapitalkonto. Betal inn aksjekapitalen (minimum 30 000 norske kroner) og be om stadfesting frå banken. (Stadfesting kan også bli gitt av revisor, advokat eller autorisert rekneskapsførar. Dersom heile eller delar av innskotet skal bestå av anna enn kontantar er det berre revisor som kan stadfeste innbetalinga).
- Registrer aksjeselskapet ved å nytte skjemaet Samordna registermelding.
Når selskapet er registrert får innsendaren beskjed om dette i «Innboksen» i Altinn.
Manglar nokre av dei som skal ha ei rolle i selskapet norsk fødselsnummer eller d-nummer?
Slik stiftar og registrerer du aksjeselskap dersom nokon av dei som skal ha ei rolle i selskapet manglar norsk fødselsnummer eller d-nummer
- Stift aksjeselskapet ved å utarbeide stiftelsesdokument og vedtekter. Stiftelsesdokumentet må signerast av alle stiftarane.
- Be banken om å opprette ein aksjekapitalkonto. Betal inn aksjekapitalen (minimum 30 000 norske kroner) og be om stadfesting frå banken. (Stadfestinga kan også bli gitt av revisor, advokat eller autorisert rekneskapsførar). Ved innskot med andre eigedelar enn pengar (tingsinskot) er det berre revisor som kan stadfeste innbetalinga, og det må i tillegg leggast ved ei forklaring og revisor si stadfesting av denne.
- Registrer aksjeselskapet ved å fylle ut papirskjema for registrering av aksjeselskap (Samordna registermelding – Hovudblankett) og søknad om d-nummer (eit skjema for kvar person som har behov for d-nummer fordi dei skal ha ei rolle i føretaket).
Legg ved original stadfesting på innbetalt aksjekapital og stadfesta kopi av gyldig legitimasjon for den eller dei som søker om d-nummer.
Send skjemaa med vedlegg samla til postadressa som står oppgitt på skjemaet for Samordna registermelding - Hovudblankett.
Når registreringa er ferdig behandla blir svaret sendt til innsendaren.
Utanlandsk statsborgar
Dersom du er statsborgar i eit land utanfor EU/EØS, og planlegg å drive verksemd i Noreg, må du ha opphaldsløyve for arbeid. Vilkåra for slik løyve finn du hos Utlendingsdirektoratet (UDI).
Namn på aksjeselskap
Aksjeselskap må ha nemninga "aksjeselskap" eller forkortinga "AS" bak føretaksnamnet. Les meir om val av namn (domenenamn, føretaksnamn og varemerke).
Frist for registrering
Melding om registrering av selskapet må vere mottatt av Føretaksregisteret seinast tre månader etter at føretaket er stifta. Selskapet er stifta når den siste stiftaren har underteikna stiftelsesdokumentet. Selskapet kan normalt ikkje ta på seg forpliktingar før det er registrert.
Kor lang tid tar det?
Sendar du inn meldinga elektronisk gjennom Altinn vil saka bli tatt til behandling innan ti arbeidsdagar etter at den er mottatt. Har du i tillegg nytta skjemaet for elektronisk stiftelse, blir saka tatt til behandling innan fem arbeidsdagar etter at den er mottatt. Saksbehandlingstidene for registrering per post er lengre, og varierer gjennom året.
Kva kostar det?
Registrering av eit aksjeselskap kostar 6 825 kroner i gebyr ved elektronisk registrering i Altinn, og 7 912 ved registrering på papirskjema.
Når registreringa er ferdig behandla får selskapet eit organisasjonsnummer.
Drive aksjeselskap
Før du registrerer eit aksjeselskap bør du sette deg inn i reglane for drift av aksjeselskap.