Hopp til hovudinnhald
  1. Start
  2. Starte og drive bedrift
  3. Starte bedrift
  4. Registrering
  5. Starte og registrere eit samvirkeføretak (SA)

Starte og registrere eit samvirkeføretak (SA)

Når de skal starte eit samvirkeføretak må de først stifte føretaket og deretter registrere det. Her får du informasjon om krava for oppstart og korleis de går fram.

Føresetnader for å starte eit samvirkeføretak:

  • Eit samvirkeføretak må stiftast av minst to personar. Både fysiske og juridiske personar (eksempelvis eit anna samvirkeføretak eller ei foreining) kan vere stiftarar.
  • For å vere stiftar eller ha ei anna rolle i eit samvirkeføretak må du ha fylt 18 år.
  • Føretaket må ha ei norsk forretningsadresse (det vil seie ei norsk fysisk adresse som blir oppgitt med gate eller veg, husnummer, postnummer og stad. Postboksadresse blir ikkje godtatt).

Stifte og registrere samvirkeføretak

Slik stiftar og registrerer de eit samvirkeføretak når alle som skal ha roller i føretaket har norsk fødselsnummer eller d-nummer:

  1. Stift samvirkeføretaket ved å utarbeide og signere stiftelsesdokument og vedtekter.
  2. Dersom stiftarane skal betale innskot til føretaket ber de banken om å opprette ein konto for selskap under stifting. Betal inn innskotet og be om stadfesting frå banken. (Dersom innskotet skal bestå av andre eigedelar enn pengar (tingsinnskot) må det utarbeidast ein opningsbalanse som skal signerast av stiftarane)
    Stiftelsesdokument og vedtekter for samvirkeføretak
  3. Registrer samvirkeføretaket ved å nytte skjemaet "Samordna registermelding". Legg ved stiftelsesdokument, vedtekter og eventuelt stadfesting frå banken. (Dersom det blir gjort tingsinnskot må fråsegn frå revisor rundt tingsinnskott og opningsbalanse leggjast ved)
  4. Dersom føretaket skal ha revisor må revisoren signere meldinga elektronisk.
  5. Send meldinga til signering. Då får du tilsendt meldinga elektronisk og kan signere meldinga.

Når føretaket er registrert får innsendaren beskjed om dette i sin "Innboks" i Altinn.

Manglar nokre av dei som skal ha ei rolle i føretaket norsk fødselsnummer eller d-nummer?

Slik stiftar og registrerer du eit samvirkeføretak når nokon av dei som skal ha ei rolle i føretaket manglar norsk fødselsnummer eller d-nummer
  1. Stift samvirkeføretaket ved å utarbeide og signere stiftelsesdokument og vedtekter.
    Stiftelsesdokument og vedtekter for samvirkeføretak
  2. Dersom stiftarane skal betale innskot til føretaket ber de banken om å opprette ein konto for selskap under stifting. Betal inn innskotet og be om stadfesting frå banken eller revisor. (Dersom innskotet skal bestå av andre eigedelar enn pengar (tingsinnskot) må det utarbeidast ein opningsbalanse som skal signerast av stiftarane)
  3. Registrer samvirkeføretaket ved å fylle ut papirskjema for registrering av samvirkeføretak (Samordna registermelding – hovudblankett) og søknad om d-nummer (eit skjema for kvar person som har behov for d-nummer fordi dei skal ha ei rolle i føretaket).
    Samordna registermelding – hovudblankett (for nedlasting)
    Brønnøysundregistera – søknad om d-nummer

    Legg ved stiftelsesdokument, vedtekter, stadfesta kopi av gyldig legitimasjon og eventuelt stadfesting frå banken. (Dersom det blir gjort innskot og dette består av andre eigedelar enn pengar, må det også leggjast ved ein opningsbalanse og ei stadfesting frå revisor).
  4. Dersom føretaket skal ha revisor må revisoren signere skjemaet eller legge ved original viljeserklæring frå revisor.
  5. Send skjemaa samla til postadressa som står oppgitt på skjemaet "Samordna registermelding".

Når registreringa er ferdig behandla blir svaret sendt til innsendaren.

Utanlandsk statsborgar

Dersom du er statsborgar i eit land utanfor EU/EØS og planlegg å drive verksemd i Noreg, må du ha opphaldsløyve for arbeid. Du finn vilkåra for opphaldsløyve for arbeid hos Utlendingsdirektoratet (UDI).

Namn på samvirkeføretak

Samvirkeføretak må ha føretaksnemninga "samvirkeføretak" eller forkortinga "SA" bak føretaksnamnet. Les meir om val av namn  (domenenamn, føretaksnamn og varemerke).

Frist for registrering

Melding om registrering av føretaket må vere mottatt av Føretaksregisteret seinast tre månader etter at føretaket er stifta. Føretaket er stifta når den siste stiftaren har underteikna stiftelsesdokumentet. Føretaket kan ikkje ta på seg forpliktingar før det er registrert.

Kor lang tid tar det?

Saksbehandlingstidene hos Brønnøysundregistera varierer gjennom året.

Kva kostar det?

Registrering av eit samvirkeføretak kostar 6 825 kroner i gebyr ved elektronisk registrering, og 7 912 kroner ved registrering på papirskjema.

Når registreringa er ferdig behandla, får føretaket eit organisasjonsnummer.

Registrere eksisterande samvirkeføretak

Eit samvirkeføretak registrert i eit EU/EØS-land kan flytte hovudkontoret til eit anna EU/EØS-land utan å gå vegen om oppløysing og nystifting.