Hopp til hovudinnhald
  1. Start
  2. Starte og drive bedrift
  3. Starte bedrift
  4. Registrering
  5. Starte og registrere ein stiftelse (STI)

Starte og registrere ein stiftelse (STI)

Når du skal opprette ein stiftelse må du først skaffe grunnkapital og utarbeide stiftelsesdokument, og deretter registrere stiftelsen. Her får du informasjon om krava og prosessen.

Føresetnader for å opprette ein stiftelse:

  • Ein stiftelse kan opprettast av ein eller fleire personar. Både fysiske personar og juridiske einingar (eksempelvis eit aksjeselskap eller ei foreining) kan være opprettar. For å vere opprettar eller ha ei anna rolle i ein stiftelse må du ha fylt 18 år.
  • Stiftelsar må ha ein bunden grunnkapital på minst 100 000 kroner for alminnelege stiftelsar, og 200 000 kroner for næringsdrivande stiftelsar.
  • Stiftelsar må ha eit styre med minst ein ekstern medlem. Den som har gitt grunnkapital til stiftelsen og blant andre nærståande blir ikkje rekna som eksterne medlemar. Styret skal ha ein leiar.
  • Næringsdrivande stiftelsar må ha ei norsk forretningsadresse (det vil seie ei norsk fysisk adresse som er oppgitt med gate eller veg, husnummer, postnummer og stad. Postboksadresse blir ikkje godtatt).
  • Dersom du er statsborgar i eit land utanfor EU/EØS, og planlegg å drive verksemd i Noreg, må du undersøke reglane for opphaldsløyve.

    Opprette og registrere stiftelse

    Slik opprettar og registrerer du ein stiftelse når dei som skal ha roller i stiftelsen har norsk fødselsnummer eller d-nummer

    1. Opprett stiftelsen ved å utarbeide, datere og signere stiftelsesdokument og vedtekter.
       
      Lotteri- og stiftelsestilsynet – maler for bruk ved oppretting av stiftelse
    2. Før stiftelsen kan registrerast må det ligge føre ei erklæring frå revisoren om at heile grunnkapitalen er stilt til rådvelde for stiftelsen. Ein opningsbalanse stadfesta av revisoren må vere utarbeidd Dersom grunnkapitalen består av andre eigedelar enn pengar (tingsinnskot) må revisoren stadfeste verdien av eigedelane.
    3. Registrer stiftelsen ved å nytte skjemaet "Samordna registermelding". Nytt rettleiinga for oversikt over nødvendige vedlegg.
    4. Send meldinga til signering og signer meldinga. Heile styret må signere meldinga elektronisk, og revisor må signere elektronisk på stadfestinga som viser at grunnkapitalen er innbetalt. Revisor må også signere elektronisk.

    Når stiftelsen er registrert får innsendaren beskjed om dette i "Innboks" i Altinn.

    Manglar nokre av dei som skal ha ei rolle i stiftelsen norsk fødselsnummer eller d-nummer?

    Slik opprettar og registrerer du ein stiftelse når nokre av dei som skal ha ei rolle i stiftelsen manglar norsk fødselsnummer eller d-nummer.
    1. Opprett stiftelsen ved å utarbeide, datere og signere stiftelsesdokument og vedtekter.
      Lotteri- og stiftelsestilsynet - opprette ein stiftelse
    2. Før stiftelsen kan registrerast må det ligge føre ei erklæring frå revisoren om at heile grunnkapitalen er stilt til rådvelde for stiftelsen. Ein opningsbalanse stadfesta av revisoren må vere utarbeidd før registrering. Dersom grunnkapitalen består av andre eigedelar enn pengar (tingsinnskot) må revisoren stadfeste verdien av eigedelane.
    3. Registrer stiftelsen ved å fylle ut papirskjema for registrering av stiftelse (Samordna registermelding – hovudblankett) og søknad om tildeling av d-nummer (eit skjema for kvar person som har behov for d-nummer fordi dei skal ha ei rolle i stiftelsen). Nytt rettleiinga for oversikt over nødvendige vedlegg.
      Samordna registermelding – hovudblankett (for nedlasting)
      Brønnøysundregistera – søknad om d-nummer
    4. Send skjemaa samla til postadressa som står oppgitt på skjemaet Samordna registermelding.

    Når registreringa er ferdig behandla blir svaret sendt til innsendaren.

    Stiftelse oppretta ved testament

    For stiftelsar oppretta ved testament gjeld eigne reglar.

    Namn på stiftelsar

    Føretaksnamn for stiftelsar skal innehalde ordet stiftelse eller føretaksnemninga STI. For næringsdrivande stiftelsar, skal dette skal bakarst i føretaksnamnet. Les meir om val av namn (domenenamn, føretaksnamn og varemerke).

    Frist for registrering

    Stiftelsen må meldast til registrering seinast 3 månader etter han blei oppretta.

    Kor lang tid tar det?

    Saksbehandlingstidene hos Stiftelsestilsynet varierer gjennom året.

    Kva kostar det?

    Ved registrering av alminneleg stiftelse betaler du gebyr både for registrering hos Stiftelsestilsynet og for registrering i Einingsregisteret. Gebyret for registrering hos Stiftelsestilsynet er frå 3 729 til 5 750 kroner avhengig av storleiken på eigenkapitalen. Gebyret for registrering i Einingsregisteret er 2 181 kroner ved elektronisk registrering. Ved registrering på papir er gebyret i Einingsregisteret 2 746 kroner.

    Ved registrering av næringsdrivande stiftelse betaler du gebyr for registrering i Einingsregisteret og Føretaksregisteret. Gebyret for registrering i Einingsregisteret og Føretaksregisteret er 3 883 ved elektronisk registrering, og 4 398 kroner ved registrering på papirskjema.

    Ved registrering får stiftelsen eit organisasjonsnummer.

    Årleg avgift

    Alle stiftelsar med ein eigenkapital på 100 000 kroner eller meir, må betale ei årleg avgift til Stiftelsestilsynet. Den årlege avgifta vil vere avhengig av storleiken på eigenkapitalen (minimum 750 kroner og maksimalt 21 710 kroner).