Starte og registrere enkeltpersonføretak
Vurderer du å starte enkeltpersonføretak?
Veit du kva som skal til for å lykkast og kva det krev av deg? Oppstartsrettleiaren skal forberede deg på kva det inneber å ha eit enkeltpersonføretak. Rettleiaren gir informasjon om kva du bør tenke på og korleis du bør gå fram.
For å starte eit enkeltpersonføretak må du:
- planlegge å drive næringsverksemd
- ha ei norsk forretningsadresse (det vil seie ei norsk fysisk adresse og oppgitt med gate eller veg, husnummer, postnummer og stad. Postboksadresse blir ikkje godtatt)
- ha fylt 18 år (Dersom du er over 15 år kan du registrere enkeltpersonføretak med løyve frå føresette/verje og Statsforvaltaren (Søknad om godkjenning frå statsforvaltaren) vel "Søknad om godkjenninga til statsforvaltaren til å gjere andre disposisjonar på vegner av person med verjemål" etter innlogging i skjemaet)
Registrere enkeltpersonføretak
Slik registrerer du eit enkeltpersonføretak dersom du har norsk fødselsnummer eller d-nummer(Dersom du har d-nummer er det ein føresetnad at du har vore til ID-kontroll hos Skatteetaten. Har du ikkje vore til ID-kontroll vil du få brev om at dette må gjerast før registreringa kan fullførast.):
- Registrer enkeltpersonføretaket ved å fylle ut skjemaet Samordna registermelding i Altinn.
- Dersom du har avtale med ein rekneskapsførar eller revisor, må hen stadfeste oppdraget ved å signere meldinga elektronisk.
- Send meldinga til signering. Du vil få ei signeringsmelding i innboksen din i Altinn og kan signere meldinga.
- Når føretaket er registrert får du melding om dette i din Innboks i Altinn. Om elektronisk signering
Alternativet til å registrere enkeltpersonføretaket i Altinn er å registrere enkeltpersonføretaket i enkelte bankar eller rekneskapsprogram, gjennom det som heiter digital selskapsetablering.
Stifting og registrering for utanlandske statsborgarar utan norsk fødselsnummer eller d-nummer
Slik registerer du enkeltpersonføretak dersom du ikkje har norsk fødselsnummer eller d-nummer
- Registrer enkeltpersonføretaket ved å fylle ut og signere papirblankettane "Søknad om d-nummer til personar samtidig med registrering i Brønnøysundregistera" og "Forenkla registermelding – Blankett for enkeltpersonføretak":
- Send skjemaa samla til postadressa som står oppgitt på skjemaet "Forenkla registermelding – Blankett for enkeltpersonføretak". Legg ved stadfesta fargekopi av gyldig legitimasjon. Kopien skal vere datert og kan ikkje vere eldre enn tre månader.
- Når d-nummer er tildelt må du bestille tid for ID-kontroll hos Skatteetaten.
- Når ID-kontroll er gjennomført vil Brønnøysundregistera behandle registreringa.
Utanlandsk statsborgar
Dersom du er statsborgar i eit land utanfor EU-/EØS, og planlegg å drive verksemd i Noreg, må du ha opphaldsløyve for arbeid. Vilkåra for å søke opphaldsløyve finn du hos Utlendingsdirektoratet (UDI).
Namn på enkeltpersonføretak
I enkeltpersonføretak må etternamnet ditt vere ein del av føretaksnamnet. Du kan i tillegg velje eit marknadsføringsnamn som blir registrert som eige namn på undereininga. Les meir om val av namn (domenenamn, føretaksnamn og varemerke).
Kva kostar det å registrere eit enkeltpersonføretak?
Å registrere eit enkeltpersonføretak i Einingsregisteret kostar 2 181 kroner ved elektronisk registrering(ved registrering på papirskjema er gebyret 2 746 kroner).
Enkeltpersonføretak treng som hovudregel ikkje å registrere seg i Føretaksregisteret. Informasjon om kva enkeltpersonføretak som må registrerast i Føretaksregisteret finn du under lenka "Brønnøysundregistera om registreringsplikt i Føretaksregisteret for enkeltpersonføretak."
Å registrere enkeltpersonføretak både i Einingsregisteret og Føretaksregisteret kostar 3 883 kroner i gebyr ved elektronisk registrering(ved registrering på papirskjema er gebyret 4 398 kroner).
Registrering i Føretaksregisteret i ettertid kostar 3 185 kroner ved elektronisk registrering(ved registrering på papirskjema er gebyret 3 700 kroner).
Du får tildelt eit organisasjonsnummer når registreringa er behandla.
Kor lang tid tar det?
Saksbehandlingstidene hos Brønnøysundregistera varierer gjennom året.
Drive enkeltpersonføretak
Du kan lese om drift av enkeltpersonføretak her.